← Tilbake
 

Korleis jobbar vi.

 

Kven er vi som jobbar med Idémottaket

Ann-Dyveke Huseth, Innovasjonsrådgjevar i Helse Vest IKT.
Yngvar Skar, Innovasjonsrådgjevar i Helse Vest IKT.
Kristin Osland Lexow, Innovasjonsrådgjevar Helse Vest RHF.
Pål Nygård, Leiar for Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus og kontaktperson for dei private ideelle institusjonane.
 

Kva gjere vi

Vi legg til rette for og koordinerer gode idear.

   
Arbeidsprosess

Når vi tek imot ideen din gjer vi ei første vurdering før vi igjen tek kontakt med deg for ytterlegare informasjon, eller for å sette deg i kontakt med dei rette personane som kan hjelpe deg vidare med ideen din. Dersom du ønskjer det, behandlar vi ideen din konfidensielt.
 
Er ideen din interessant for sjukehusa vil vi vidare vurdera ideen din på grunnlag av nytte, gjennomføringsevne og ressursbehov. Denne kartlegginga vil ta litt tid, men du kan sjølv helde deg oppdatert gjennom Idémottaket eller våre innovasjonsrådgjevarar. I denne fasen vil vi også samarbeide med tilsette og eksterne samarbeidspartar.
 



Finansiering
Vi har ikkje midlar å dele ut, men vi kan hjelpe deg å finne dei rette kjeldene til finansiering av din idé, og hjelpe deg vidare i søknadsprosessen.

 
Oppfinningar
Helseføretaka i Helse Vest har forvaltingsavtalar med teknologioverføringsselskap. Idémottaket vil om ønskjeleg kunne sende over alle patenterbare oppfinningar for evaluering hos dei.