Din idé er viktig for oss!


Om du har pasienterfaring, er tilsett, pårørande, samarbeidspartnar eller representant frå næringslivet, er du velkommen til å dele ideen din med oss. Vi vil følgje opp forslaget ditt og gi deg ei rask tilbakemelding.

I Helse Vest vil vi prioritere idear som har størst nytte for pasientar, pårørande og tilsette. Sjølv mindre forbetringar på arbeidsplassen eller eit nytt hjelpemiddel kan gi positive utslag for kvardagen til både pasientar og tilsette i sjukehusa. Hugs at innovasjon handlar om så mykje meir enn avanserte IKT-prosjekt.